Right menu

mai 2012
man tir ons tor fre lør søn
  1 2 3 4 5 6
7 8 9 10 11 12 13
14 15 16 17 18 19 20
21 22 23 24 25 26 27
28 29 30 31    

Informasjon

Herøy vidaregåande skule
Lisjebøvegen 4
6091 FOSNAVÅG

Telefon: 70080380
Fax: 70080381
banner

/ Forsiden / Siste nytt / Ny heis under bygging ved Herøy vidaregåande skule

Ny heis under bygging ved Herøy vidaregåande skule

Tre jenter ved skulen, Lene Kvalsvik, Camilla Moltu og Ingeborg Bigset, har hatt ein prat med rektor Roar Eide om den nye heisa. Etterpå skreiv dei denne teksten til Siste nytt.

Som biletet viser, har heisa byrja å ta form. Byggjeprosessen vil vare fram til jul, og heisa vil bli overlevert rundt den 15.-20. januar av entreprenør Kristisæter. Elevane må derfor belage seg på litt støy fram mot jul, men rektor Roar Eide kan forsikre oss om at det mest høglytte arbeidet blir gjort etter skuletid og i haustferien.

Skulen har hatt ønske om ei heis lenge, men Møre og Romsdal fylke har ikkje sett av midlar til bygginga før i år. Heisa bli bygd fordi det er eit krav til alle offentlege bygg at handicappa skal kunne ha tilgang til skulen på lik linje med andre.

Det er forventa at kostnadene på heisa vil kome på over 4 millionar kroner, og nokre av desse kostnadene vil gå til bygging av ramper og utskifting av dører.

Heisa vil også bli brukt til å frakte varer og tunge gjenstandar, og dermed blir arbeidsdagen forenkla for lærarar og elevar.