Right menu

februar 2012
man tir ons tor fre lør søn
    1 2 3 4 5
6 7 8 9 10 11 12
13 14 15 16 17 18 19
20 21 22 23 24 25 26
27 28 29      

Informasjon

Herøy vidaregåande skule
6090 FOSNAVÅG

Telefon: 70080380
Fax: 70080381
banner

/ Forsiden / Siste nytt / Nok ei lærerik utplassering offshore!

Nok ei lærerik utplassering offshore!

No er dei fleste elevane i 2TPMA2(Maritime fag- matrosfaget) tilbake på skulen frå utplassering, og dei kan sjå tilbake på fire flotte veker på sjø.

Elevane fortel at dei har hatt ei kjekk og lærerik utplassering om bord. Dei har våre på mange forskjellige type båtar innan offshore samanheng. Nokre av desse er Supply, Anchor-Handling, og Search and Rescue båtar. Nokre av båtane var lokalisert på Trollfeltet, Osebergfeltet, Aberdeen, Sandnessjøen, osv.

Særlig for dei elevane som var på båt i Aberdeen var det ei oppleving utan om det vanlege og dei fekk også anledning til å kjøpe julegåver.

 

Det er viktig å komme ut i det praktiske å sjå korleis det fungerar, seier elevane. Det er mykje som ein får sjå i praksis, som ein ikkje har muligheit til å lære på skulen.

 

Elevane meinar at det godt kunne ha våre to utplasseringsperiodar i løpet av skuleåret, for eksempel ei fire vekers periode om hausten og ei seint om våren. Dette fordi det til tider var dårlig vær og derfor avgrensa moglegheiter til å vere med på vedlikehaldsarbeid utvendig.

 

Det er stor einigheit i klassa om at ei slik utplassering er svært lærerik og eit kjærkome avbrekk i den daglege skulekvardagen.

 

Her er nokre bilder frå utplasseringa.