Right menu

mai 2012
man tir ons tor fre lør søn
  1 2 3 4 5 6
7 8 9 10 11 12 13
14 15 16 17 18 19 20
21 22 23 24 25 26 27
28 29 30 31    

Informasjon

Herøy vidaregåande skule
Lisjebøvegen 4
6091 FOSNAVÅG

Telefon: 70080380
Fax: 70080381
banner

/ Forsiden / Siste nytt / Miljøambassadør på besøk

Miljøambassadør på besøk

- Det viktige er å prøve å formidle at det skjer noko der ute som ikkje er heilt naturleg, fortalde miljøambassadør Harald Martens Holm under foredraget «Generasjon Grønn».

Herøy vidaregåande skule arrangerer eigne fagdagar i løpet av skuleåret. I veke 41 var det fagdag i naturfag for Vg1-elevane og Vg3 påbygging. Same veka var det også fagdag i samfunnsfag for dei som går Vg2. 

I samband med fagdagen i naturfag fekk skulen besøk av miljøambassadør og student ved Norges Handelshøgskule i Bergen, Harald Martens Holm. Poenget med besøket og foredraget hans, «Generasjon Grønn», er å formidle miljøendringane som skjer på jorda vår og dei utfordringane dette gir oss. Eit foredrag om klimaendringane og korleis klimaendringane påverkar dyreartane og deira leveområde. Miljøambassadøren snakka også om korleis dagens ungdom i Noreg, som er framtidas arbeidsstyrke, kan bidra.

- Det er dagens skuleelevar som har moglegheita til å bli den generasjonen som verkeleg kan setje sitt preg på framtida og forme det grøne samfunnet, sa foredragshaldaren.

Det er miljøverndepartementet som har engasjert seks unge miljøambassadørar til å reise rundt til skular i heile landet med miljøforedraget «Generasjon Grønn». Foredraget har eit tverrfagleg innhald og formidler både naturvitskaplege og samfunnsfaglege problemstillingar tilpassa kompetansemåla som ein finn i Kunnskapsløftet.

Sjå fleire foto her