Right menu

mai 2012
man tir ons tor fre lør søn
  1 2 3 4 5 6
7 8 9 10 11 12 13
14 15 16 17 18 19 20
21 22 23 24 25 26 27
28 29 30 31    

Informasjon

Herøy vidaregåande skule
Lisjebøvegen 4
6091 FOSNAVÅG

Telefon: 70080380
Fax: 70080381
banner

/ Forsiden / Siste nytt / Makrellsuksess for kokkeelevane

Makrellsuksess for kokkeelevane

Makrellfestivalen 2011 i Fosnavåg laurdag 3.september vart ein suksess for mange, så også for kokkeelevane ved Herøy vgs.

Makrellfestivalen har rukke å bli ein aldri så liten tradisjon i Fosnavåg. Kokkeelevane ved skulen tok del også i år og elevar frå 1RM var også med på festivalen.

- Elevane fekk veldig gode tilbakemeldingar frå publikum på maten dei laga, så vi kan godt seie at dette vart ein suksess for oss også. Allereie før klokka 8 laurdag morgon stod elevane klare til innsats utanfor skulen og dei gjorde ein stor innsats for dagen, fortel kokkelærar Ingebjørg Lyster.

Det var både lærerikt og stor stas då kjendiskokk Hanne Frosta og tv-klovn Linda Eide tok del i sjauinga og matlaginga i lag med lærarar og elevar på skulen sitt kjøkken fredag og laurdag. Sjølve serveringa av alle matrettane gjekk føre seg inne på festivalområdet i Fosnavåg sentrum.

Kokkeelevane laga laurdag til ei rekkje delikatesser:

Grilla kvalbiff med ovnsbakte poteter og salat.

Verdens beste fiskesuppe.

Makrellsvele (etter Hanne Frosta si oppskrift)

Steikt sildefilet, råkost og kokte poteter.

Sildebuffet med seks forskjelliga smakar, og tilhøyrande heimelaga brød / ciabatta.

Råmelkspudding med ripssaus.

Byggrynskrem med ripssaus.

Kremost panna cotta.

Heimelaga baguettar, anten fylt med laks eller reker.

1/2 hektoliter med svelerøre til makrellsveler.

Cupcakes.

Eplekake med krem.

Sjå fleire foto her