Right menu

mai 2012
man tir ons tor fre lør søn
  1 2 3 4 5 6
7 8 9 10 11 12 13
14 15 16 17 18 19 20
21 22 23 24 25 26 27
28 29 30 31    

Informasjon

Herøy vidaregåande skule
Lisjebøvegen 4
6091 FOSNAVÅG

Telefon: 70080380
Fax: 70080381
banner

/ Forsiden / Siste nytt / Mafiadag ved Herøy vgs

Mafiadag ved Herøy vgs

Forfattar av boka «Camorraland», Mariangela Cacace, engasjerte Herøy vgs sine elevar med eit reelt og skremande bilde av korleis den napolitanske mafiaen styrer kvardagen til folk storbyen Napoli.

Torsdag 22.september vitja Cacace skulen si avdeling i Vanylven og fredag 23.september var ho i Fosnavåg i samband med skulen sin eigen fagdag i norsk.

Cacace – med italiensk far og norsk mor - har familie i Napoli der ho frå 18-årsalderen budde i sju år. I denne perioden greidde ho å samle nok bakgrunnsstoff til å skrive boka «Camorraland». Camorra er namnet på Italia sin største mafiaorganisasjon og har i fleire hundre år kontrollert Napoli og andre byar i Italia.

- Camorra er fordelt og styrt av 70 ulike klanar og i Napoli er det mange kvinner som styrer kriminaliteten. Her er det gjerne mannfolk som tystar, medan kvinnene aldri tystar, fortel Mariangela Cacace.

Og boka «Camorraland» gir eit skremande bilde av eit system som infiltrerer alt og alle i samfunnet – frå kvardagshendingar til verdsomfattande forretningar, heilt frå gateplan opp til politikarar, og frå Napoli til Noreg. Mafiaen infiltrerer heile samfunnet i byen og styrer det meste av butikkar, restaurantar og barar. Til og med innhenting av søppel, eller gjerne manglande innhenting, er det Camorra som styrer.

Om du så ikkje spelar på lag med mafiaen risikerer du gjerne ein kort og brutal død. Mariangela Cacace har sjølv opplevd alvorlege trugsmål mot seg sjølv og hennar familie.

Boka byggjer på eit omfattande arbeid. Her møter ein blant anna camoristar (mafiaen), politimenn og drapstruga journalistar og korrupte politikarar. Forfattaren undersøker søppelskandalen i Napoli, ho vitjar blant anna kvinnelege camoristar i fengsel, våpensmuglarar på Balkan og ein norsk tørrfiskeksportør.

Cacace har inngåande kjennskap til samfunnet og mentaliteten både i Italia og Noreg. I boka dreg ho parallellar til det norske samfunnet og på mange måtar vert dette også hennar eiga historie.
”Det verste er når du møter ein ven til dømes på gata eller i ein bar. Og så står ein der og snakkar og ler. Men inni deg veit du at det er siste gong du snakkar med han. For dagen etter skal han dø. Og alle veit det, bortsett frå han sjølv.” (frå «Camorraland»)

Elevane ved skulen vår arbeidde både før og etter forfattarbesøket med oppgåver kring mafiaverksemd, eit arbeid som engasjerte svært mange.

Sjå fleire foto her