Right menu

februar 2012
man tir ons tor fre lør søn
    1 2 3 4 5
6 7 8 9 10 11 12
13 14 15 16 17 18 19
20 21 22 23 24 25 26
27 28 29      

Informasjon

Herøy vidaregåande skule
6090 FOSNAVÅG

Telefon: 70080380
Fax: 70080381
banner

/ Forsiden / Siste nytt / Lærerik utplassering offshore!

Lærerik utplassering offshore!

Elevane i vg2 maritime fag er ferdige med 4 vekers utplassering på båt.

Etter fire veker i Nordsjøen har dei fleste elevane i 2TPMA1 vendt nasa heim og er no attende på skulebenken.

Ein av elevane, Ole Kristian Voldsund fortel at han hadde ei svært lærerik periode om bord i "Bourbon Topaz" som opererte utanfor Kristiansund og seinare Sandnessjøen. Han synest det var kjekt å få denne muligheita til å sjå ting i praksis, og han trivdest kjempegodt saman med resten av mannskapet. Dei som hadde ansvaret for opplæringa om bord var flinke til å setje han i arbeid med bl.a. justering av ventilar, og kontroll av dei ulike systema om bord.

Ole Kristian meiner det er viktig å kome seg ut i praksis for å lære på den måten, og synest opplegget til skulen er godt. No er han tilbake og skal få opplæring på den nye maskinromssimulatoren.

No har matros-elevane reist ut, og dei siste kjem heim like inn i jula.

Han vil anbefale dei som likar å arbeide med maskiner og kan tenke seg eit arbeid på båt om å søkje dette tilbodet.