/ Forsiden / Siste nytt / Kokegrop gav matsuksess i Frøystadvågen
Ingebjørg Lyster og June Pettersen tok med seg elevane i 2KO og nokre Vg1-elevar ved Herøy vidaregåande skule til dagens matprosjekt. Ein god gjeng starta førebuinga tidleg på dag og nytta høvet til å lage lammelår til middag og sjokoladekake til dessert. Og alt gjekk føre seg utan elektrisitet eller andre moderne hjelpemidlar som ein gjerne har innandørs.
Kokegrop er ei eldgamal kokemetode der du koker kjøtet i ei grop i bakken. Kort sagt og noko forenkla er det eit hol i bakken, eit bål, nokre runde steinar, kjøt i folie og torv på toppen. Meir naturleg kjelde for matførebuing skal du leite lenge etter.
Ei lita stund før sjølve middagen vart det servert bananar, godt varma i kokegropa med heimelaga vaniljesaus. Godt på smak!
Lammelåret som kokte i kokegropa i omlag 1,5 time var fantastisk mørt og godt. Til det saftige lammekjøtet med kvitlauk, timian med meir, vart det servert bakte poteter, grønsaker som rabbe, gulrot, sølvlauk og sellerirot, absolutt alt sjølvsagt smakfullt førebudd i kokegropa.
Og i tillegg vart det laga til sjokoladekake, også det i kokegropa.
Kokkegjengen ved skulen hadde ein flott dag i Frøystadvågen med base ved naustet til Hallgeir Frøystadvåg og June Pettersen.
Før ein set i gong med å lage kokegrop er det viktig å få løyve frå grunneigar, og det hadde kokkegjengen sjølvsagt ordna med. I tillegg er det viktig å ta omsyn til reglane omkring brannsikring når du set i gang med eit slikt prosjekt.