Right menu

mai 2012
man tir ons tor fre lør søn
  1 2 3 4 5 6
7 8 9 10 11 12 13
14 15 16 17 18 19 20
21 22 23 24 25 26 27
28 29 30 31    

Informasjon

Herøy vidaregåande skule
Lisjebøvegen 4
6091 FOSNAVÅG

Telefon: 70080380
Fax: 70080381
banner

/ Forsiden / Siste nytt / Hospitering ved mekanisk avdeling

Hospitering ved mekanisk avdeling

Tord Endresen og Marius S. Hildre
Mekanisk avdeling har i fleire år invitert elevar frå ungdomsskulane i regionen til å vere i lag med ei grunnkursklasse ein dag. Dette er eit tiltak som fleire og fleire nyttar seg av.

I år har elevar frå både Hareid, Ulstein og Stokksund skule vore innom og fått ei lita innføring i kva dei mekaniske disiplinane går ut på.

Det er sjølvsagt avgrensa kva ein kan gå igjennom i løpet av ein dag, men i tillegg til dei reint praktiske kunnskapane, prøver vi så langt det er mogleg å bevisstgjere ungdomane om behovet for matematikk og språk.

Vi har teke utgangspunkt i ei teikning av ein gjenstand med eit konisk parti. Her må elevane mellom anna bruke trigonometri for å kunne berekne innstillingsvinklar på dreiebenken.

Materialkunnskap utgjer ein stadig viktigare del av den mekaniske industrien. Mellom anna ved å herde stålet, får elevane sjå korleis eigenskapane til eit material kan endrast ved oppvarming og avkjøling.