Right menu

februar 2012
man tir ons tor fre lør søn
    1 2 3 4 5
6 7 8 9 10 11 12
13 14 15 16 17 18 19
20 21 22 23 24 25 26
27 28 29      

Informasjon

Herøy vidaregåande skule
6090 FOSNAVÅG

Telefon: 70080380
Fax: 70080381
banner

/ Forsiden / Siste nytt / Gunda og elevar med smakfulle rettar

Gunda og elevar med smakfulle rettar

Kokke-elevane ved Herøy vgs fekk fredag 18.november besøk av Gunda Djupvik. Matrettane frå Smalhans-boka var langt frå smale, men rike på både farge og smak.

Gunda Djupvik er ein ivrig heimekokk, har fast matspalte i Sunnmørsposten og skriv om mat, parfyme og kjærleik i den populære bloggen www.altgodt.no. Gunda frå Leikong har skrive kokeboka Smalhans, er utdanna jurist og bur og arbeider no i Oslo.

Fredagen ved HVS stod Gunda klar som kjøkkensjef for lærevillige elevar. På menyen stod minestronesuppe som forrett. Hovudrett fisk var marinerte reker med Tabouleh (libanesisk salat) og aioli. Hovudrett kjøt var chili con carne med vinaigrette-poteter og salat. Til dessert fekk ein servert sjokoladekake med Walters mandler, i tillegg til toscansk rispudding med appelsinsaus, nydeleg godt alt saman.

- Det var veldig kjekt å få vere i lag med elevane og dei er ein positiv gjeng som er flinke til å lage god mat, fortel Gunda Djupvik.

Smalhans er ei bok med oppskrifter på god mat for tronge tider. Boka er meint for alle som treng eller vil knipe inn på matbudsjettet, som studentar og andre som ønskjer å leve meir økonomisk.

God mat held humøret oppe og gjer det lett å invitere folk på middag, sjølv på lite budsjett. Boka skal gi inspirasjon til å gå i gang på kjøkkenet med lyst og glede. Her får ein også gode råd om korleis handle inn smart og økonomisk, korleis oppbevare maten lengst mogleg og kva ein til ei kvar tid bør ha i skap og skuffer.

Sjå fleire matfoto her