Right menu

mai 2012
man tir ons tor fre lør søn
  1 2 3 4 5 6
7 8 9 10 11 12 13
14 15 16 17 18 19 20
21 22 23 24 25 26 27
28 29 30 31    

Informasjon

Herøy vidaregåande skule
Lisjebøvegen 4
6091 FOSNAVÅG

Telefon: 70080380
Fax: 70080381
banner

/ Forsiden / Siste nytt / Frå fjell til fjøre - naturen som klasserom

Frå fjell til fjøre - naturen som klasserom

Denne våren gjennomfører vg1-klassene på RM og HS prosjektet ”Frå fjell til fjøre- naturen som klasserom”.

Frå fjell til fjøre

Denne våren gjennomfører vg1-klassene på Helsefag(HS) og  Restaurant- og matfag(RM) prosjektet ”Frå fjell til fjøre- naturen som klasserom”.  Prosjektet vert gjennomført i samarbeid med Runde miljøsenter. I tillegg til klasseromma er også naturen på Runde ein flott læringsarena for elevane. I veka før påske var dei på Runde, og det var tydeleg at alle sette pris på å få byte klasserom med fjøre og fjell. Ikkje minst var det stimulerande med ei praktisk vinkling av lærestoffet der fagleg ekspertise frå miljøsenteret inspirerte til  utforsking av naturen i nærmiljøet. Det faglege innhaldet var av tverrfagleg karakter der mål i læreplanane for både naturfag, kroppsøving, norsk og programfag var i fokus.

Eitt av oppdraga på Runde var sanking av råstoff for RM-klassa som dagen etter laga gode rettar av tang frå fjøra.  

Rapport frå prosjek i DNS.

Sjå bilder frå prosjektet her!