Right menu

mai 2012
man tir ons tor fre lør søn
  1 2 3 4 5 6
7 8 9 10 11 12 13
14 15 16 17 18 19 20
21 22 23 24 25 26 27
28 29 30 31    

Informasjon

Herøy vidaregåande skule
Lisjebøvegen 4
6091 FOSNAVÅG

Telefon: 70080380
Fax: 70080381
banner

/ Forsiden / Siste nytt / Fotballcup hausten 2006.

Fotballcup hausten 2006.

Onsdag 25. oktober vart det arrangert fotballcup i Herøyhallen for alle elevane på HVS.

Dette er ei turnering som etter kvart har blitt ein tradisjon opp gjennom åra. Av dei 14 laga som var påmelde til turneringa, var det ¨We like your mama¨, laget frå naturbruk VG1, som gjekk av med sigeren. Dei spelte finalen mot gjengen frå VK1 skipsteknisk drift.

Det vart ein spanande, artig og underhaldande dag for alle elevane. Særs morosamt var laget ¨Nymfene¨, som laga show og hadde høg underhaldingsverdi. Dei var kledde i redningsvestar, dusjhetter og diverse anna badeutstyr. Laget hadde definitivt den beste heiagjengen, som stilte i badekle og anna utstyr for å støtte laget. ¨Nymfene¨ kom på tredjeplass.

Gjennom heile dagen kosa elevar og lærarar seg med morosam fotball, pølser og brus. Vi gratulerer ¨We like your mama¨ med sigeren, og vonar det blir ei like underhaldande turnering også neste år.

Av Lene Kvalsvik, Camilla Moltu og Ingeborg Bigset

Sjå fleire bilete frå cup'en.