/ Forsiden / Siste nytt / Første båtførarkurset i vår avslutta - nytt kurs kan starte 15. april dersom det blir nok påmelde!
Etter opplysningar vi har fått er det mange fleire "der ute" som kan tenkje seg eit slikt kurs, og etter kvart som våren kjem nærare vil det nok kjennast meir og meir aktuelt med ei oppdatering av eigne kunnskapar. Dessutan er det berre eit tidsspørsmål før dei fleste småbåtførarar må skaffe seg båtførarbeviset! Sjå gjerne informasjonen som ligg som lenke til forrige oppslag om båtførarkurs på denne sida!
Vi lyser derfor ut NYTT KURS med start 15. april. Atterhald om nok påmelde. Følg med i Vestlandsnytt og Vikebladet Vestposten, der det vil kome ei felles annonse om SRC-kurs (start etter påske) og kurs i Båtførarprøva. Fleire opplysningar: klikk her