Right menu

mai 2012
man tir ons tor fre lør søn
  1 2 3 4 5 6
7 8 9 10 11 12 13
14 15 16 17 18 19 20
21 22 23 24 25 26 27
28 29 30 31    

Informasjon

Herøy vidaregåande skule
Lisjebøvegen 4
6091 FOSNAVÅG

Telefon: 70080380
Fax: 70080381
banner

/ Forsiden / Siste nytt / Familiemiddag

Familiemiddag

Storstilt familiemiddag i Restaurant Lykken

Tradisjonen tru så skipa vi også i år til storstilt Familiemiddag i Restaurant Lykken. Onsdag 27 mai inviterte vi foreldre, syskjen, kjæreste, venn, tante og onkel til ein 5 retters eksklusiv middag, alt planlagt og stellt i stand av våre 10 dyktige kokk- og servitørelevar.

Då gjestane kom fekk dei servert ein lekker aperitiff, sjølvkomponert Bringebærmojito. Dagens meny var fyljande:

Forrett: Havets delikatesser. Dette var Steikt pikante scampi og chili-appelsinmarinert steikt kamskjell anretta på salatseng i fylgje med Foccacia.

Så var det klart for Skvalderkålsuppe med krutonger. Skvalderkål som også vert kalla djevlegras / prestegardsugras / hanefot /tyskerkål er ei matplante som ein gong i tida vart ført inn i landet vårt mest truleg av munkar. I dag ser vi på skvalderkål som eit utrivelig ugras som nesten er uråd å bli kvitt når du først har fått det i blomsterbedet eller i hagen. Vårt motto er «If you can't beat it, eat it!»

Unge friske skudd av skvalderkål er nydelig å lage suppe av, eller bruk det for eksempel i pai eller i salat. Berre fantasien set grenser for bruk av skvalderkål! Det smakar mildt, litt selleri, persille og pastinakk.

Med fisk som hovudrett serverte vi dampa kveitebarnfilet, erter a la mynte, gulrotroser, nøttepoteter og suprêmesaus. Kveitefileten er fiska og filetert av elevar i vg1-naturbruk.

Hovudrett kjøtt var heilsteikt entrecote, pastinakkpurè, ovnspakte rotgrønnsaker, steikt squash og sauterte mandelpoteter. Det heile toppa med ein smakfull og lekker rødvinskysaus.

Som det søte punktum vart det servert Sjokoladeterte, mango-pasjonsfrukt sorbet, Bringebærcoulis og friske jordbær.

Under middagen fekk vi taffelmusikk av vår eigen spellemann Vegard som underheldt på keyboard og trekkspel. Lett underholdning fekk vi også; eit filmatisert tilbakeblikk av to spennande skuleår i skjemt og alvor i Herøy vidaregåande skule sine matfaglege lokaler! Vi kosa oss veldig denne kvelden og drøsen gjekk til langt ut i kveldstimane med fylgje av kaffi og heimelaga Baileyskonfekt.

Vi takker for laget så langt!

God sommar!

Skvalderkålsuppe (4 pers):

60 g smør

60 g løk

1 l rensa og vaska skvalderkål

1 liter buljong / kraft

100 g potet

2 dl fløte

salt og pepper

Rens skvalderkål og ta bort stilken. Skyll godt. Legg dei rensa blada i eit litermål. Når du har haugen på, er det nok! (ikkje press dei sammen)

Smelt smør i ei panne og tilsett løken og la det frese litt. Tilsett skvalderkålet og fres ca 1 minutt. Tilsett buljong/kraft og potet som er skrella og kutta i bitar. Kok til potetene er møre. Mos suppa i foodprosessor eller med ein stavmiksar medan du tilsett fløte. Varm opp til kokepunktet og smak til med salt og pepper. Poteta skal jevne suppa, om du synes den er tynn, kan du jevne med maizenna (lys jevner).

Krutonger kan ein godt lage sjølv! Brød, gjerne grovt skal skjerast i terninger. Steik dei på steikepanne i smør til dei er sprø, Smak dei gjerne til med salt pepper, og som vi har gjort også litt basilikum. Server krutongane gjerne ved sida av suppa. Dei vert fort mjuke! God appetitt!

Sjå bilder her!