Right menu

februar 2012
man tir ons tor fre lør søn
    1 2 3 4 5
6 7 8 9 10 11 12
13 14 15 16 17 18 19
20 21 22 23 24 25 26
27 28 29      

Informasjon

Herøy vidaregåande skule
6090 FOSNAVÅG

Telefon: 70080380
Fax: 70080381
banner

/ Forsiden / Siste nytt / Elevar på Farstad-besøk

Elevar på Farstad-besøk

Elevane ved Vg2 Maritime fag (matrosane) har nyleg vore på hurtigrutetur og samtidig besøkt Farstad-reiarlaget i Ålesund.

Fredag 21.oktober reiste gjengen med hurtigruta M/S Trollfjord frå Torvik til Ålesund. Etter frukosten fekk elevane kome opp på brua og prate med kapteinen og styrmannen, om korleis livet på sjøen er og om vidare maritim utdanning. Dei viste også instrumenta og alt anna ein finn på ei skipsbru.

Etter ankomsten til Ålesund gjekk turen til Farstad-reiarlaget der gjengen fekk servert pizza og brus.

Etter maten hadde reiarlaget ein presentasjon om korleis reiarlaget er organisert og korleis ein jobbar i Farstad. Dei fortalte kva ein forventar av lærlingar i reiarlaget. Ein kjekk tur der ein lærer mykje og får eit fint avbrekk frå skulekvardagen.

Fredagen etter, 28.oktober, besøkte same elevgruppa Kleven-verftet i Ulstein, med omvising i bedriftsmuseet og ein nyttig presentasjon om korleis verftet byggjer sine skip og teknologien dei bruker i skipsbygginga. Det vart i tillegg omvising ombord i Olympic Commander, som er under bygging, og omvising elles på Kleven-anlegget. Besøket var svært interessant og Kleven stilte med gode foredragshaldarar og omvisarar.

Det vart servering av den gode Kleven-pizzaen i kantina, og elevane rettar ei stor takk til verftet for ein lærerik dag.

Sjå foto her