/ Forsiden / Siste nytt / Bedriftsbesøk
Fredag 5. november var elevene fra maritime fag matrosklassa på ekskursjon på Kleven verft i Ulsteinvik. Vi fekk ei grundig omvisning på verftet og ass. produksjonleiar Skår gav seg god tid med omvisninga og fortalde oss korleis produksjonen av eit forsyningsskip blir gjort alt frå seksjonsbygging via utrustning,sandblåsing/maling og fram til ferdig skip. Vi fekk kome om bord i det siste nybygget som nyleg var levert – ein stor ankerhandterings båt til Siem. Ein utruleg flott båt som vi vart svært imponerte over. Etter at omvisninga var slutt vart vi inviterte til kantina der vi fekk servert pizza og brus. Der vart det anledning til å kome med spørsmål og Skår svarte velvillig på desse. Ei svært overraskande og gledeleg avslutning på ein fin dag.
Takk til Kleven verft for at vi fekk kome – dette var interessant og lærerikt.