Right menu

februar 2012
man tir ons tor fre lør søn
    1 2 3 4 5
6 7 8 9 10 11 12
13 14 15 16 17 18 19
20 21 22 23 24 25 26
27 28 29      

Informasjon

Herøy vidaregåande skule
6090 FOSNAVÅG

Telefon: 70080380
Fax: 70080381
banner

/ Forsiden / Siste nytt / Barneselskap i HS-leiren og "Mat i det fri"

Barneselskap i HS-leiren og "Mat i det fri"

I faget prosjekt til fordjuping held elevane på Helse- og sosial no på med tema ”Barn”. Medan halvparten av gjengen no er utplasserte i barnehagen fire tysdagar, er den andre halvparten inne på skulen og arbeider med ulike tema om barn.

Tysdag 18.09.07 hadde vi barneselskap. Den eine delen av gruppa laga mat, dekka bord og stilte med bursdagsbarn (den av elevane som nettopp hadde hatt dag), medan den andre delen av gruppa hadde laga leikar og bursdagskrone. Ei svært triveleg stund med høgt støynivå under leikane. Konklusjon: Ein vert ikkje for gammal til å leike seg! Barneselskap er gøy, uansett alder!

MAT I DET FRI

Vg2 Barne- og ungdomsarbeid vil sannsynlegvis i sin praksis i barnehage/skule vere med å lage til mat ute i naturen, sidan fleire og fleire legg vekt på dette no. Derfor er det viktig at elevane får prøve dette og verte trygge på både bruk av stormkjøken og tillaging av bålplass.

Onsdag 19.09.07 la vi i veg til Toftestøda med medbrakt deig, vaffelrøre, gamaldags vaffeljern, nyspikka pinnar og tørr ved. Vergudane var langt frå positive, men det var elevane! Og då bålet var tent, pinnebrøda svarte ytst og halvrå inni, røyken svei i augene og vaffellukta spreidde seg, var det berre blide fjes å sjå!Vel attende på skulen etter ein halv dag ute i det fri, var konklusjonen klar: Dette vil vi gjere oftare!

Olaug M Hatløy

Klikk her for å sjå fleire bilete