/ Forsiden / Siste nytt / BÅTFØRARPRØVA - NYTT KVELDSKURS I FEBRUAR 2008
Kursstart: 5. februar 2008 kl. 17.00. Registrering etc. kl. 16.30
Planlagde kursdagar: 5/2, 7/2, 19/2, 21/2, 26/2. Kurset går kl.17-20, med 4 skuletimar pr kveld, i alt 20 timar. I tillegg kjem eksamen på 1 time. Nærare informasjon om eksamen vert gitt seinare.
Kursstad: Herøy vidaregåande skule, 6090 Fosnavåg, paviljong 2
Lærar: Bodvar Skrede m.fl.
Kursavgift: Kr 2.100. Gode familierabattar. Sensur, båtførarbevis og registrering av sertifikatet ved Norsk Test as kostar kr 525. Giroar blir delt ut på førehand. Hugs passfoto! Kvittering for betalte avgifter må leggast fram seinast eksamensdagen. Det blir også høve til å betale kontant første kurskvelden.
Lærebok: Gunnar Ulseth & Tor Johansen: På rett kurs. Komplett lærebok for Båtførerprøven. Cappelen forlag, ISBN 978-82-02-26803-9. Boka blir innkjøpt av skulen, og kan leigast rimeleg mot eit depositum, eller du kan kjøpe den av oss.
Nødvendige hjelpemiddel: Blyant, viskelêr, passar, parallellforskyvar eller 2 vinkelhakar, sjøkart nr 30.
Påmelding: tlf 700 80 380 eller send e-post til heroy@heroy.vgs.no
Dersom du vil lese meir om dei nye krava til sertifikat som vil kome, kan du gå inn på denne lenkja: http://www.sjofartsdir.no/no/Vis_Sjovett/Obligatorisk_batforerbevis/