/ Forsiden / Om skulen / Ressurssenteret / Linker / SRC/VHF-KURS VÅREN 2008
Kurslengd: 12 timar over 3 kveldar med 4 skuletimar pr kveld + 1t eksamen
Stad: Herøy vidaregåande skule, 6090 Fosnavåg
Kursstart: Torsdag 27. mars. Vidare torsdag 3. og 10. april. Det er fordelaktig med tid til sjølvstudium mellom undervisningsdagane.
Pris: Kursavgift kr. 1300 (ekskl. eksamensavgift. Du får rekning m. giro direkte frå Møre og Romsdal fylke). Sertifikat og eksamensavgift til Telenor/Norsk Test kjem i tillegg, og kostar kr. 610. Avgifta må vere betalt før eksamen kan takast! Giroar vert delt ut første kurskveld. Du treng to passbilde til søknaden om sertifikat, der du også skriv under på taushetsløfte.
Eksamen: Ein skriftleg multiple choice-eksamen på 1 time. Nærare beskjed om eksamen på kurset. SRC-sertifikatet og eksamensavgift til Telenor kostar kr. 610 og må vere betalt før eksamen kan takast.
Læreplan: Læreplanen ligg på Radioinspeksjonen si nettside: http://www.maritimradio.no/radioinspeksjonen/src/laereplan1.pdf Her finn du også mykje anna nyttig informasjon, m.a. kan du laste ned gratis spørsmålshefte og døme på eksamensoppgåve.
Lærebok: Telenor har gitt ut eit eige pensumhefte: SRC/VHF-boka, som vert distribuert av Læremiddelforlaget AS, ISBN 82-7997-023-1. Boka blir kjøpt inn av skulen, og du kan kjøpe eller låne den av oss. Det er ein stor fordel å eige boka sjølv! Kjøpe-/lånesum vert fakturert saman med kursavgifta.
Påmelding: E-post til heroy@heroy.vgs.no eller til tlf. 700 80 380
Administrasjon: Arnhild Giske Runde, leiar ressurssenteret