Right menu

februar 2012
man tir ons tor fre lør søn
    1 2 3 4 5
6 7 8 9 10 11 12
13 14 15 16 17 18 19
20 21 22 23 24 25 26
27 28 29      
banner

/ Forsiden / Om skulen / Rektor si side

Rektor si side

 

Herøy vidaregåande skule er ein kombinert skule som gir tilbod i fleire utdanningsprogram og programområde.

Elevane kan velje mellom 5 utdanningsprogram frå Kunnskapsløftet, med tilbod om mange programområde på vidaregåande trinn (vg2 og vg3): Bygg- og anleggsteknikk, Naturbruk, Restaurant- og matfag, Helse- og sosialfag og Teknikk og industriell produksjon. Tilbodet omfattar m.a. også Påbygging til generell studiekompetanse for dei som har 2 år i yrkesfaglege studieretningar bak seg.

Denne store breidda i tilbod gir oss eit utfordrande, interessant og samansett skulemiljø, der elevar og lærarar frå fleire fagmiljø møtest i eit lærerikt fellesskap.

Vi legg vekt på å sikre god opplæring gjennom eit trygt miljø. Difor vil vi stadig utvikle og forbetre kontaktlærarordninga der ein lærar har hovudansvaret for å fylgje opp si basisgruppe både fagleg og sosialt.

Vi har fått utbygt trådlaust nettverk i alle undervisningsrom, og vil leggje mykje energi i å integrere IKT i undervisninga. Vårt mål er at alle elevar skal ha si personlege datamaskin.

Gjennom ressurssenteret vårt gir vi tilbod om kurs i fleire fag både til firma, det offentlege og privatpersonar som ønskjer høgare kompetanse. Vidare utvikling av samarbeidet med næringslivet er eitt av våre satsingsområde, også i den ordinære skuledrifta.

Vi ynskjer at skulen skal vere ein stad for læring og sosial tryggleik der alle, elevar og tilsette, tek aktivt del for å skape eit triveleg, lærerikt og godt miljø der vi tek vare på kvarandre og miljøet rundt oss. Dette vil krevje at alle utfører sine arbeidsoppgåver grundig og seriøst både individuelt og i grupper.

Velkomen som medlem i skulemiljøet på Herøy vidaregåande skule!