Right menu

februar 2012
man tir ons tor fre lør søn
    1 2 3 4 5
6 7 8 9 10 11 12
13 14 15 16 17 18 19
20 21 22 23 24 25 26
27 28 29      
banner

/ Forsiden / Om skulen / Branninstruks

 

VARSLING:

1. Brann vert varsla med ringjeklokker.

2. Den som oppdagar brann, skal varsle ved å slå inn næraste brannmeldar og melde frå til skuleleiinga.

3. Rektor ved skulen ringjer 110 og opplyser om situasjonen, også om vi har situasjonen under kontroll.

RØMING:

1. Læraren sørgjer for at elevane går roleg til næraste utgang. Yttertøy og skulesaker skal ikkje takast med.

2. Læraren har ansvar for at vindauge og dører i undervisningsrom vert latne att.

3. Ved brann skal alle branndører latast att.

4. Læraren følgjer elevane ut, og kontrollerer ved hjelp av dagboka at alle i gruppa er komne ut. Lærar gir melding til brannvernleiaren.

5. Dei lærarane som har undervisning på kjøken og i mekanisk verkstad, er ansvarlege for å stengje alle gassflasker, også i gassentral.

SLØKKJING:

1. Personale som ikkje har ansvar for ei gruppe når brannalarmen går, skal straks prøve å sløkkje brannen med det utstyret som er til stades.

2. Vaktmeister/rektor skal møte og orientere det kommunale brannvernet og vise veg til brannstaden.

FØREBYGGJANDE ARBEID:

1. To gonger i året skal skulen arrangere rømingsøving for alle gruppene, og for personalet.

2. Før rømingsøvingane skal elevane bli motiverte for brannvernarbeid gjennom undervisninga. Ansvarleg for dette er kontaktlærar.

3. Skulen skal i samarbeid med det kommunale brannvernet arrangere sløkkjingsøvingar for dei tilsette kvar haust.

4. Denne branninstruksen skal hengje lett synleg på alle undervisningsrom og lærarrom. Det same gjeld planskisser over skulen der også brannvernmaterialet og brannmeldarar er innteikna.

5. Ved starten av kvart skuleår skal instruksen gjennomgåast med elevane slik at dei veit korleis dei skal oppføre seg ved brann.

6. Alle tilsette skal kjenne instruksen og det ansvar dei er pålagde ved brann. Dei skal ha kjennskap til skulen og vite korleis brann skal varslast.

BRANNVERNLEIAR:

Hovudansvarleg for brannvernet ved Herøy vidaregåande skule er verneleiar, og vara er vaktmeister.