Ved Herøy vidaregåande skule har vi samla dei elevane som har bestemt seg for eit arbeid om bord i fiskebåt eller offshorefarty i den maritime avdelinga.
Dei tilboda som høyrer heime i dette området er VG1 naturbruk, VG2 fiske og fangst og VG2 maritime fag(matros/motormann).
Alle elevane skal gjennomføre sikkerheitskurs (IMO 60) og helsesjekk ved sjømannslege. Seinare i skuleåret vert det utplassering på båt.
Eit godt samarbeid med fiskebåt- og offshorereiarar gjer at vi kan nytte desse moderne læringsarenaene i tillegg til det vi kan tilby på skulen. Vi ser det som svært viktige arenaer, og tilbakemeldingane frå båtane er også positive. Skulen leiger også båt i slutten av skuleåret. Båten vert nytta til eksamensførebuing og gjennomføring av praktisk eksamen for elevane vg2 fiske og fangst og vg2 maritime fag.
Vi har også godt samarbeid med enkelte skipsverft i samband med ekskursjonar i løpet av skuleåret. Dette er nyttig både for elevar og lærarar.
For å kome inn på VG2 maritime fag må du først gå VG1 TIP eller VG1 Elektrofag.
På avdelinga har vi også tilbod for dei elevane som vil utdanne seg til arbeid med mat og servering.
Dei tilboda som høyrer til i denne avdelinga er VG1 restaurant- og matfag og VG2 kokk- og servitørfag.
Vi legg opp til at elevane skal få opplæringa si gjennom praktisk arbeid, både i skulen sitt flotte undervisningskjøkken og i ”restauranten”.
Vi har eit godt samarbeid med bedriftene i regionen, som er ein viktig læringsarena for elevane. God praksis er også å delta i ulike arrangement i nærmiljøet, med matlaging og servering.
Mange av elevane har som mål å jobbe på båt, og får då sikkerheitskurs for å kunne ha praksisen sin der.
Tradisjonsmat og lokal matkultur er viktige tema i avdelinga sitt arbeid.
Vi ønskjer deg velkomen til Herøy vidaregåande skule!!
Eivind Lillebø, avd. leiar.