/ Forsiden / Siste nytt / Over 300 på besøk!!
Open skule vart arrangert 25. og 26. november på Herøy vidaregåande skule.
I løpet av to intense dagar, fekk vi besøk av meir enn 300 tiandeklassingar. Dei kom frå ungdomsskulane i regionen vår, for å få ein første smakebit av tilboda ved HVS.
Allereie i januar ventar vi nytt besøk. Då er det nemleg tid for hospitering. Kvar tiandeklassing skal då velje seg eit programområde dei vil sjå nærare på. I veke fire kan elevane hospitere hos oss ein heil skuledag. Vi gler oss til dette!
Det har allereie kome mange gode tilbakemeldingar frå gjestane på Open skule.
Under besøket, vart tiandeklassingane oppmoda til å stemme på kva stasjon dei likte best. Vi har talt opp stemmene, og kan gratulere NATURBRUK / MARITIME FAG som vinnarar! Konkurransen var knallhard. Det var mange flotte stasjonar og fine presentasjonar å velge mellom. Vinnarane kan vente seg ein smakfull premie.
Vi har også trekt ut ein heldig vinnar i spørjekonkurransen vår:
Premien, ein Mp3-spelar, går til Åsmund Erdal Christiansen frå Ulstein Ungdomsskule. Vi gratulerer!
All ære til elevane, som viste seg som gode ambassadørar for skulen vår.