Right menu

mars 2012
man tir ons tor fre lør søn
      1 2 3 4
5 6 7 8 9 10 11
12 13 14 15 16 17 18
19 20 21 22 23 24 25
26 27 28 29 30 31

Informasjon

Herøy vidaregåande skule
Lisjebøvegen 4
6091 FOSNAVÅG

Telefon: 70080380
Fax: 70080381
banner

/ Forsiden / Siste nytt / FEKK ARBEIDSTY AV OPPLÆRINGSKONTORET

FEKK ARBEIDSTY AV OPPLÆRINGSKONTORET

Mandag fekk produksjons og industriteknikk vg2 klassa ved Herøy vidaregåande skule utdelt arbeidsty av opplæringskontoret.

Vg2 produksjons og industriteknikk ved Herøy Vidaregåande skule er for tida ute på utplassering, men mandag føremiddag hadde dei samla seg på skulen for å få utdelt arbeidty.
- Det er fyrste gong vi har delt ut arbeidsty til elevane ved vg2 produksjons og industriteknikklassa på Herøy Vidaregåande skule. Vi gjer dette for å markere at vi set pris på elevane, og for å vise at vi er til stades under utdanning og hjelpe dei so lenge dei er under læretida, seier dagleg leiar på opplæringskontoret, Ruth Astrid Brusdal.
Iselin Falk, Ruth Astrid Brusdal og Aleksander Storhaug er nøgde med arbeidstyet.
Iselin Falk er einaste jenta i klassa, men ho trives godt blant gjengen med gutar i klassa.
- Det er ein triveleg gjeng i klassa, eg har mest lyst å jobbe offshore, so det er difor eg har valgt denne linja. Eg trur eg vil kome til å søkje på lærlingplass ved Rolls Royce til neste haust, men har ikkje bestemt meg endå, fortel Iselin Falk.
Ruth Astrid Brusdal, påpeikar at ein treng fleire jenter med fagbrev innan industrien, og det er ein fordel å vere jente når ein skal søkje seg vidare, grunna stor mangel av kvinner i industrien.
Opplæringskontoret har tett oppfylging med elevane, og Herøy vidaregåande skule har god kontakt med næringslivet, slik at elevane kjem raskt inn i arbeidslivet.