Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Herøy VGS > Nyheiter > Storinnrykk av 10.-klassingar

Storinnrykk av 10.-klassingar

Herøy vgs har denne veka storinnrykk av 10.-klassingar, som er på hospitering i lag med Vg1-elevane.

Hospiteringsveka skjer årleg. Tre dagar denne veka har HVS stor aktivitet ved alle dei fem Vg1 yrkesfaglege utdanningsprogramma ved skulen; bygg- og anleggsteknikk, helse- og oppvekstfag, naturbruk, restaurant- og matfag og teknikk- og industriell produksjon.

Tiandeklassingar som til dagleg er elevar rundt om på ungdomskulane, prøver ut livet som elev ved HVS, og har no hausten og vinteren til å tenke over kva Vg1-val dei skal gjere innan 1.mars 2017.

Hospiteringsveka gir tiandeklassingane eit godt innblikk i det som ventar ein første året på vidaregåande skule.

Her er nokre glimt frå hospiteringa i dag.

Hospiteringsveke