Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Herøy VGS > Nyheiter > Livsglede for Eldre torsdag 11.mai

Livsglede for Eldre torsdag 11.mai

Herøy vgs sine elevar på helse- og oppvekstfag (Vg1 HO) byr inn til samankomst med Livsglede for Eldre, i Herøy Kyrkje torsdag 11.mai, frå klokka 11 - 14.

Vg1 HO har i år om lag 40 elevar, og desse elevane vil gjerne invitere inn eldre i lokalmiljøet til ei samling i Herøy Kyrkje, torsdag 11.mai frå klokka 11 til 14.

Der vil elevane ha enkel servering, underhaldning, aktivitetar og hyggjeleg samvere. Livsglede for Eldre er eit nasjonalt prosjekt som har gått ei stund, eit prosjekt som mellom anna byggjer bru mellom den eldre og yngre garde.

I Herøy Kyrkje vert det sosialt samvere og ei meiningsfull og god stund i lag med elevar og andre.

Livsglede for Eldre er ein uavhengig folkehelseorganisasjon, som gjennom gode opplevingar skal stimulere dei sosiale, åndelege og kulturelle behova til den enkelte. Livsglede for Eldre er også ei ideell stifting som skal utløyse frivilligheit og engasjement.

Dei som er interesserte i å ta del i Herøy Kyrkje denne torsdagen, kan kontakte Herøy vidaregåande skule for påmelding; 700 80 380 eller via epost på heroy.vgs.mrfylke.no innan 4.mai.

Sjå også annonse i Vestlandsnytt fredag 28.april.