Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Herøy VGS > Nyheiter > Lagar til kjekjøt i kokegrop

Matlaging utandørs

Med nydelege vårdagar siste tida, så bestemte elevane på 1RM og 2KO at dei fredag skulle lage kjekjøt til middag, i kokegrop som dei har laga til på HVS sitt uteområde.

Skal ein førebu middag med kjekjøt som hovudrett, og i tillegg lage det til utandørs i ei kokegrop, då er planlegging naturlegvis viktig. Først laga elevane til ei stor og ganske djup grop i bakken, for så å lage til eit bål som er nøydd til å brenne ei stund.

Dernest fylte dei opp gropa med steinar som skal ligge i gropa og bli brennheite. Etterpå må steinane ut av gropa, kjekjøtet vert lagt ned i gropa med steinane på toppen av kjekjøtet som er innepakka i folie. Etter eit par timar i kokegropa er middagen klar.

Elevane får dermed ta del i mykje varierte oppgåver i høve matlaging både inne og utandørs ved Herøy vgs. 

Lagar kjekjøt i kokegrop